No tenkte eg at eg skulle lage eit samanhengande innlegg om det eg har funne ut om dei forskjellege skogtypane i Noreg, også skal eg førebu presentasjonen. Etter dette innlegget, kjem eit innlegg med nokre bilete og stikkord som eg skal bruke på presentasjonen min.


Skogen i Noreg dekkjer 37% av landarealet i dag. Vanskeleg terreng og store avstandar gjer det vanskeleg å hogge mykje av skogen. Det blir berre gjort hogst av om lag halvparten av skogarealet i Noreg i dag. Det norske tømmeret er veldig bra tømmer og har høg kvalitet på grunn av at den norske skogen veks så seint.


I diagrammet over ser du fordelinga av furu, gran og lauvtre i Noreg.


Eg skal no ta føre meg dei tre viktigaste tresortane som er utbreidd i Noreg og korleis vi utnyttar desse.

GRAN

Aller først litt fakta om grana:
  • På engelsk heiter gran "Norway spruce", fordi engelskmennene blei kjent med grana ved kjøp av trevirke frå Noreg.
  • Gran veks ikkje naturleg på Vestlandet.
  • Gran er tresorten som er mest utbreidd i Noreg.
  • Gran høyrer til familiegruppa granslekta som igjen er ei gruppe bartre i furufamilien.
  • Den eldste grana som er observert i Noreg, er 486 år gammal. Den er observert i Trillemarka i Buskerud.
  • Verdas eldste levande tre er ei gran som er 9550 år gammal. Observert i Fulufjällets nasjonalpark i Dalarna i Sverige.

Grana er det viktigaste treslaget som opp gjennom mange mange år har medvirka til velstand. Det det nordiske folket for det meste har brukt grana til er båtbygging, husflid og framveksten av sagbruks- og trefordelingsindustrien i Norden. Grana er også det treet som dei fleste av oss i Noreg bruker som juletre. Noko av grana går til lokket på strykeinstrument som til dømes fele, men det aller meste av grantømmeret blir brukt til plankar og bord til husbygging og innredning og møblar. Tremassen og cellulosen blir brukt til papirproduksjon. Det dårlegaste tømmeret blir brukt til produksjon av spon- og fiberplater.

Grana veks faktisk ikkje naturleg på Vestlandet, men det er veldig mange som plantar grantre for å bruke dei i tømmerproduksjon og til juletre. Det som har gjort til at det er blitt ganske mykje granskog på Vestlandet, er at skogen som er planta spreier seg utover marka.

FURU



Aller først litt fakta om furua:
  • Furu er den einaste furuarten som veks fritt i Noreg.
  • Furua blomstrar i midten av juni.
  • Det er påstått at det finnest 100 variantar av sorten.
  • Furua kan bli inntil 40 meter høg og inntil 400 år gammal.
  • Det er observert furu i Sogn og i Nord-Gudbrandsdal som er om lag 600 år gamle.
  • Dei tre viktigaste furuartane er vanleg furu, lappfuru og nevadafuru.
  • Trivast på næringsfattige sandmoar.
  • Den har spesialiserte røter som gjer at den fint greier å unngå å tørke ut ved at den henter væte frå djupt nede i jorda. Dette gjer den også stabil i sterk vind.
  • Den er avhengig av lys for å kunne leve.
  • Furua vandra inn til Noreg etter siste istid(ca 10000 år sidan) og er eit av dei eldste treslaga vi har i landet.

Heile 2/3 av furua som blir hogd ned, går til sagverksindustrien, medan resten(1/3) går til masseverksindustrien, eller det blir nytta som brenselved. Furua blir gjort om til cellulose, papir, skurlast, fiberplater, finér(tynne "ark" av tre), snikkarvirke, tjærebrenning og ved. Furu er heller ikkje uvanleg å bruke til juletre her i Noreg.

For elgen og storfuglane er furua viktig om vinteren. Dei lever nemleg av furu om vinteren. Det er òg fleire insekt som er avhengige av furua, til dømes furubarkveps og furuskuddmøll. Det er også fleire soppsortar som lever av furua. Eit døme på ein slik sopp er furuskyttesopp.

I følge eit dokument eg lasta ned frå internett som heiter "Fokus på skog", så består 33% av den bardominerte skogen av furu, og den finnes over heile landet. Furua veks høgt og lågt, og trivst i mange ulike klimatypar.



LAUVTRE

Her ser du at den gule linja(som er lauvtre), er mykje lågare enn den raude linja(furu) og den grøne linja(gran). Det var mindre enn 20 millionar lauvtre i 2002.

Lauvtre om vinteren:
Lauvtrea har, som du sikkert veit, flate blader. Desse flate blada er til for at fotosyntesen skal skje. Om sommaren er det klorfyll i blada, men om vinteren trekkjer desse ut av blada og vatnet sluttar også å strøyme gjennom treet, og blada dett av greinene og ned til bakken.

Her ser du stammen til eit ospetre. Den er, som du kan sjå, glatt og fin med ein grøngrå farge. Ein måte du kan kjenne att ospa på, er dei runde blada som skjelver i vinden.

Litt fakta om lauvtre:
  • Det blir antatt at det finnes rundt 180 krysningar og forvilla treartar i Noreg. Ca 140 av desse er lauvtre(37 av 180 er bartre).
  • Vi har 716 artar lauvtre som er planta, men ikkje forvilla. Desse er som oftast i botaniske hagar og i parkar.
  • Lauvtre gir habitat til mange fugleartar og dyr, og gjennom forrotnelsesprosessen gir den grunnlag til åtseletande insekt, mose og sopp.
  • Lauv frå lauvtre har vorte brukt til dyrefôr i fleire årtusen.
  • Avskoging gjer til at dyre- og fugleartar forsvinn. Døme på ein fugleart er kvitryggspetten.
  • Vi kan dele inn lauvtrea i tre hovudgrupper:
    - Nøysomme lauvtre(eit døme på dette er bjørk og osp. Veks i temperert og subtraktisk høgland med kalde vintrar).
    - Edellauvtre(eit døme på dette er eik og bøk. Veks i tempererte lågland med varme somrar og kjølege vintrar).
    - Tropiske lauvtre(dette kallar vi lauvtre som veks i tropiske sonar, savannelandskap og i regnskog).
Kva bruker vi lauvtrea til?
Vi kan kalle lauvtre for edeltre, fordi materialet er veldig hardt. Lauvtre blir ofte brukt som materiale for utsatte gjenstandar for golv, møblar, fyrstikker, linjalar, blyantar, årar og ulike andre gjenstandar. Lauvtrea blir sjeldan brukt i papirindustrien eller til bygningsmateriale. På 1600-talet blei den norske eika, som er eit veldig hardt trevirke, eit ettertrakta materiale i Nederland og England. Dei ville bruke den norske eika til båtbygging. Eikeskogane på Sørlandet blei nærmast utrydda.

Eiketre. På biletet ovanfor biletet av eika, ser du eikeblad med eikenøtter på. Eika frør seg i form av nøtter. Det er berre sommareika og vintereika som veks vilt i Noreg. Andre eikesortar som er planta i parkar er til dømes dei nordamerikanske artane rødeik, skarlageneik og sumpeik.

Så må eg sjølvsagt ha bilete av den mest vanlege tresorten på Vestlandet, nemleg bjørka.

- Susanne

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar