Kva vi har gjort idag:
Gruppa samlast og avtalte arbeidsoppgåver for dei to timane. Bård skulle fullføre "moderne skogbruk." Susanne skulle skrive ferdi/meir om skogtypar og bruken av desse medan eg skulle finne litt historikk. Det viste seg at det skulle bli vanskeleg.

To timar går altfor fort...
No har eg såtte her i to timar å prøvd å surfa på internett for å finne noko skogbrukshistorie. Det er lite å finne, fordi det meste går under jordbruk og er eigentleg lite relevant for meg, sidan det handla mest om jordbruket. Men, no har eg då altså vore på biblioteket og lånt meg to bøker. Det er ikkje mykje historikk om skogbruket her heller, men eg vil prøve å skrive noko om det, i alle fall.





SKOGBRUKSHISTORIE I NORGE


Eg vel og byrje mi skogbrukshistorie tilbake til fyrste verdskrigen.

Under første verdskrig var det "jobbetid" her i Norge. Dette gjaldt sjølvsagt også skogbruksdistrikta. I 1920-21 hadde vi eit krakk i skogbruket, noko som førte til ei avslutning på ein langvarig oppgang som hadde vart frå midten av 1890 talet. Rrikdommen før krakket var synleg på mange måtar, mange hadde hus i sveitserstil med tårn og glasveranda på skoggardane.

Skogbrukarane hadde det nok ikkje så enkelt under krakket, dette fordi inntektene frå skogen var livsviktige for dei. Prisane vart sjølvsagt pressa ned, og marknaden og etterspurnaden etter tømmer vart mindre.

På 1900 talet var skogbruket prega av store svingningar i prisar, noko som skapte eigne syklusar i hogsten noko som ikkje var bra for den langsiktige stellet/vedlikehaldet av skogen. Det vart drive ein del konjunkturhogst, altså store hogstflater eller uthoggen skog der det meste av tømmeret vart drive ut på ein gong. Det oppsto bekymring for avskoging og for å fremje kunnskapen om tilstanden til skogen vart Landsskogtakseringa starta i 1919. Organisasjonen skulle kartelegge areal og fordele treslag og tilvekst.
No var eit viskapbasert syn på veg inn i skogbruket for fullt.

No var tømmerprisen byrja å stige etter krakket, men sank på nytt igjen fram mot 1930 åra.

I 1932 byrja skogplantinga og det vart danna ei skog ei lov. Ei lov som sa at ved skogsdrift skulle 1% av bruttoverdien setjast av til kulturarbeid for å etablere ny skog. Brosjyren "Ungdommen og skogen" vart delt ut i 30000 ekemplar til skolar og lærarar, dette for å informere dei framtidige skogbrukarane.
Det var planta mykje skog på veslandet. Elevane vart dratt inn i ein nasjonal dugnad med langsiktig perspektiv.

Eg finn berre informasjon om 20-30talet i denne boka. Eg finn ikkje nokre andre viktige hendingar i denne tidsperioden. Men eg tykkjer likevel det er viktig å få med dette under historikk fordi det gjev oss eit inblikk i korleis skogbruket har vore, sjølv over ein liten tidsperiode. 


Hus i sveitserstil.


Skogbruk rundt 1930


Skogbruk - 1930

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar