Aller først litt fakta om furua:
  • Furu er den einaste furuarten som veks fritt i Noreg.
  • Furua blomstrar i midten av juni.
  • Det er påstått at det finnest 100 variantar av sorten.
  • Furua kan bli inntil 40 meter høg og inntil 400 år gammal.
  • Det er observert furu i Sogn og i Nord-Gudbrandsdal som er om lag 600 år gamle.
  • Dei tre viktigaste furuartane er vanleg furu, lappfuru og nevadafuru.
  • Trivast på næringsfattige sandmoar.
  • Den har spesialiserte røter som gjer at den fint greier å unngå å tørke ut ved at den henter væte frå djupt nede i jorda. Dette gjer den også stabil i sterk vind.
  • Den er avhengig av lys for å kunne leve.
  • Furua vandra inn til Noreg etter siste istid(ca 10000 år sidan) og er eit av dei eldste treslaga vi har i landet.
Slik kan furukongler sjå ut

Heile 2/3 av furua som blir hogd ned, går til sagverksindustrien, medan resten(1/3) går til masseverksindustrien, eller det blir nytta som brenselved. Furua blir gjort om til cellulose, papir, skurlast, fiberplater, finér(tynne "ark" av tre), snikkarvirke, tjærebrenning og ved. Furu er heller ikkje uvanleg å bruke til juletre her i Noreg.

For elgen og storfuglane er furua viktig om vinteren. Dei lever nemleg av furu om vinteren. Det er òg fleire insekt som er avhengige av furua, til dømes furubarkveps og furuskuddmøll. Det er også fleire soppsortar som lever av furua. Eit døme på ein slik sopp er furuskyttesopp.

I følge eit dokument eg lasta ned frå internett som heiter "Fokus på skog", så består 33% av den bardominerte skogen av furu, og den finnes over heile landet. Furua veks høgt og lågt, og trivst i mange ulike klimatypar.

Slik ser furunålene ut

Noko av fakta er teke frå denne sida, og noko er henta frå eit dokument på trefokus.no som eg ikkje greier å få lagt link til utan at det vert feilmelding. Det er berre å google "furu" og trykke på det fjerde treffet. I timane i morgon skal eg legge ut eit innlegg om lauvtre.

- Susanne

Eg fann fort ut at det kom til å bli vanskeleg å finne noko meir konkret om kva som er karakteristisk med skogen på vestlandet utan å repetere det eg skreiv i timen på tysdag, difor har eg valt å finne litt generell informasjon om skog og skogbruket i Norge. Eg trur dette kan vere nytteg til ein presentasjon.

SMÅFAKTA OM SKOG OG SKOGBRUKET I NORGE;

Som vi alle er klar over har skogbruket og skogindustrien hatt stor betydning for landet vårt i mange hundre år. Visste du foressten at det for hundre år sidan var mange som trudde at det snart vart slutt på skogen? Ut i frå desse bekymringane vart det satt igang tiltak for å motverke avskoginga, som f.esk å så tresortar på større områder. No er tømmerområdet i Norske skogar meir enn dobbelt så stort som det var for 75 år sidan.

- I 2009 var omsetninga i skogindustrien i Norge på til sammen 40,3 milliardar kroner. Noko som tilsvarar 5,3% av omsetninga i Norsk industri.

- I laup av dei 30 siste åra har antall ansatte i skogindustrien og skogbruket blitt halvert, dette fordi den tradisjonelle skogarbeidaren har blitt erstatta med hogstmaskiner. 

- Skogbilvegbyggjinga har blitt redusert til under ein sjettedel dei siste to åra.




Produktivt skogareal: Skogareal som i gjennomsnitt per år kan produsere meir enn 0,1m3 trevirke per dekar.





Heilt til slutt  i dette innlegget tenkte eg å slengje med ei lenkje til ein video eg fann på youtube her om dagen. Den handlar riktignok meir om landskapet i Norge enn om skogen i Norge, men eg syns den var så fin at eg vel å ta den med:
http://www.youtube.com/watch?v=_TUVGlxegcU&feature=related

Til neste gong har eg tenkt å gå djupare inn i emnet moderne skogbruk, samt få meir kunnskap om kva Linda og Susanne har jobba med. I samarbeid med gruppa har eg tenkt å finne statistikk og bileter som kan passe saman med ein Power Point presentasjon.

Bård.

Først ei lita oppsummering over timane idag; Vi kom relativt fort igang med arbeidet. Vi laga først ein plan for timane der vi avtalte at vi ville bruke timane idag til å få ei viss oversikt over temaet og begynne og skrive litt om nokre av emna vi skal vere innom i løp av desse "bloggvekene." Vi avtalte at Susanne skulle skrive om "viktige treslag og bruken av desse," Linda skulle skrive om "kva som er karakteristisk med skogen på vestlandet," og sist men ikkje minst skulle Bård skrive om "moderne skogbruk."
Etter å ha avtalt kva ein skulle skrive om, jobba vi induviduelt heilt til slutten av timen då vi avtalte kva vi skal jobbe med heime.

KARAKTERISTISK VED SKOGEN PÅ VESTLANDET
mesteparten av skogane i Noreg er ein del av det store barskogfeltet på den nordlege halvkula. Skogen dekkjer 37% av landarealet i Noreg. Mykje av skogarealet kan ikkje utnyttast på grunn av store avstandar og vanskeleg terreng. Det blir difor drive hogst på snautt halvparten av skogarealet i Norge. 

Som vi alle veit finn vi mykje skog her på Vestlandet. Dersom eg spør deg kva skog du tenkjer på når du ser for deg vestlandet er det ikkje rart eller uvanleg å nemne tresortar som bjørk, gran og furu. I kommande innlegg vil eg gjere greie for kva som er så karakteristisk, -typisk med skogen på vestlandet.

Skogen på vetslandet består av lauvskog med tresortar som eik, ask, bjørk, lønn og rogn. Lauvskogane er gjerne lysopne, altså at det er lyst sjølv inne i skogen. Vi har òg mykje barskog her, desse skogane er gjerne tettare og ikkje så lysopne.

Det karakteristiske må då nødvendigvis vere at det er mykje lauvskog og at granskogen ikkje veks naturleg men er planta og har då vidare spreidd seg ut over i større areal.

Sidan det var mange nettstadar og hente informasjon frå, var eg ikkje ferdig med dette temaet i løpet av timane Tysdag. Difor er dette er ei byrjing på mitt tema og eg har som lekse til neste gang og skrive meir utfyllande om mitt tema.


                                      

Vi tok for oss 3 tema i dag, eg valte moderne skogbruk, Linda valte karaktestikk med jordbruk og Susanne valte viktige treslag og bruken av desse. Vi jobba i 2 timar i godt tempo og eg fant ei god side om skogbruk der personar sender inn spørsmål og får svar. Kanskje eg gjer dette visst eg lurer på noko. Dette virkar som eit spanande tema, og resten av tida gjekk med til å surfe på internettet etter meir informasjon.

Bård.


Skogen i Noreg dekkjer 37% av landarealet i dag. Vanskeleg terreng og store avstandar gjer det vanskeleg å hogge mykje av skogen. Det blir berre gjort hogst av om lag halvparten av skogarealet i Noreg i dag. Det norske tømmeret er veldig bra tømmer og har høg kvalitet på grunn av at den norske skogen veks så seint.





I diagrammet over ser du fordelinga av furu, gran og lauvtre i Noreg.


Eg skal no ta føre meg dei tre viktigaste tresortane som er utbreidd i Noreg og korleis vi utnyttar desse.


Aller først litt fakta om grana:
  • På engelsk heiter gran "Norway spruce", fordi engelskmennene blei kjent med grana ved kjøp av trevirke frå Noreg.
  • Gran veks ikkje naturleg på Vestlandet.
  • Gran er tresorten som er mest utbreidd i Noreg.
  • Gran høyrer til familiegruppa granslekta som igjen er ei gruppe bartre i furufamilien.
  • Den eldste grana som er observert i Noreg, er 486 år gammal. Den er observert i Trillemarka i Buskerud.
  • Verdas eldste levande tre er ei gran som er 9550 år gammal. Observert i Fulufjällets nasjonalpark i Dalarna i Sverige.

Grana er det viktigaste treslaget som opp gjennom mange mange år har medvirka til velstand. Det det nordiske folket for det meste har brukt grana til er båtbygging, husflid og framveksten av sagbruks- og trefordelingsindustrien i Norden. Grana er også det treet som dei fleste av oss i Noreg bruker som juletre. Noko av grana går til lokket på strykeinstrument som til dømes fele, men det aller meste av grantømmeret blir brukt til plankar og bord til husbygging og innredning og møblar. Tremassen og cellulosen blir brukt til papirproduksjon. Det dårlegaste tømmeret blir brukt til produksjon av spon- og fiberplater.

Grana veks faktisk ikkje naturleg på Vestlandet, men det er veldig mange som plantar grantre for å bruke dei i tømmerproduksjon og til juletre. Det som har gjort til at det er blitt ganske mykje granskog på Vestlandet, er at skogen som er planta spreier seg utover marka.


Lekse til meg sjølv til neste gong: Skrive dette innlegget meir utfyllande og skrive om furu og barskog i Noreg. Fekk desverre ikkje tid til å skrive så mykje om desse som du sikkert kan sjå. Men elles i timen har eg berre jobba med dette, og eg fann mange fine sider på nettet. Til dømes fann eg nokre veldig fine sider på wikipedia om grana, og skog.no er ei fin nettside. Vidare har eg tenkt meg innpå snl.no og sjå om eg finn noko der.

- Susanne