Litt lite bilete, men her ser du at den gule linja(som er lauvtre), er mykje lågare enn den raude linja(furu) og den grøne linja(gran). Det var mindre enn 20 millionar lauvtre i 2002.

I desse to timane i dag, skal eg ta føre meg ein av dei tre viktigaste skogartane i Noreg, nemleg lauvskogen som dekkjer 26% av landarealet i dag.


Lauvtre om vinteren:
Lauvtrea har, som du sikkert veit, flate blader. Desse flate blada er til for at fotosyntesen skal skje. Om sommaren er det klorfyll i blada, men om vinteren trekkjer desse ut av blada og vatnet sluttar også å strøyme gjennom treet, og blada dett av greinene og ned til bakken.












Her ser du stammen til eit ospetre. Den er, som du kan sjå, glatt og fin med ein grøngrå farge. Ein måte du kan kjenne att ospa på, er dei runde blada som skjelver i vinden.


Litt fakta om lauvtre:
  • Det blir antatt at det finnes rundt 180 krysningar og forvilla treartar i Noreg. Ca 140 av desse er lauvtre(37 av 180 er bartre).
  • Vi har 716 artar lauvtre som er planta, men ikkje forvilla. Desse er som oftast i botaniske hagar og i parkar.
  • Lauvtre gir habitat til mange fugleartar og dyr, og gjennom forrotnelsesprosessen gir den grunnlag til åtseletande insekt, mose og sopp.
  • Lauv frå lauvtre har vorte brukt til dyrefôr i fleire årtusen.
  • Avskoging gjer til at dyre- og fugleartar forsvinn. Døme på ein fugleart er kvitryggspetten.
  • Vi kan dele inn lauvtrea i tre hovudgrupper:
    - Nøysomme lauvtre(eit døme på dette er bjørk og osp. Veks i temperert og subtraktisk høgland med kalde vintrar).
    - Edellauvtre(eit døme på dette er eik og bøk. Veks i tempererte lågland med varme somrar og kjølege vintrar).
    - Tropiske lauvtre(dette kallar vi lauvtre som veks i tropiske sonar, savannelandskap og i regnskog).
Kva bruker vi lauvtrea til?
Vi kan kalle lauvtre for edeltre, fordi materialet er veldig hardt. Lauvtre blir ofte brukt som materiale for utsatte gjenstandar for golv, møblar, fyrstikker, linjalar, blyantar, årar og ulike andre gjenstandar. Lauvtrea blir sjeldan brukt i papirindustrien eller til bygningsmateriale. På 1600-talet blei den norske eika, som er eit veldig hardt trevirke, eit ettertrakta materiale i Nederland og England. Dei ville bruke den norske eika til båtbygging. Eikeskogane på Sørlandet blei nærmast utrydda.



Eiketre. På biletet ovanfor biletet av eika, ser du eikeblad med eikenøtter på. Eika frør seg i form av nøtter. Det er berre sommareika og vintereika som veks vilt i Noreg. Andre eikesortar som er planta i parkar er til dømes dei nordamerikanske artane rødeik, skarlageneik og sumpeik.


Så må eg sjølvsagt ha bilete av den mest vanlege tresorten på Vestlandet, nemleg bjørka.

- Susanne

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar