I dag jobba eg med presentasjonen. (Det skriftlege). Lagde stikkord og prøvde å dra ut det viktigaste frå stoffet eg hadde funnet.
Velkommen
Bloggarkiv
-
▼
2011
(16)
-
▼
februar
(10)
- Bård sin femte blogg om skogbruket i Norge.(08.02....
- Stikkord, tre vanlegaste tresortane i Noreg
- Det blir visst to innlegg frå meg idag..
- God Morgon, -Det nermar seg presentasjon.
- Oversikt, dei forskjellege tresortane
- Hei hei :)
- Bård sin fjerde blogg om skogbruket i Norge.(07.02...
- Bård sin tredje blogg om skogbruket i Norge.(01.02...
- Hei, igjen.
- Lauvtre
-
▼
februar
(10)
Labels
- Linda (6)
Bloggere
Følgere
Skogen i Noreg dekkjer 37% av landarealet i dag.
Vanskeleg terreng, store avstandar.
Norsk tømmer har høg kvalitet fordi skogen veks seint.
GRAN:
Grana veks ikkje naturleg på Vestlandet, vert planta og spreier seg.
Den mest utbreidde tresorten i Noreg.
Høyrer til fam.gruppa granslekta som er ei gr. bartre i furufam.
Båtbygging, husflid, framvekst av sagbruks- og trefordelingsindustrien i Norden, lokk på strykeinstrument, plankar og bord til husbygging, innredning og møblar, papirproduksjon,. Dårlegaste tømmeret blir brukt til produksjon av sponplater og fiberplater.
Vanleg juletre
FURU:
33% av den bardominerte skogen består av furu.
Einaste furuarten som veks fritt i Noreg100 variantar av sorten.
Kan bli 40 m høg, 400 år gammal.
Tre viktigaste furusortane: vanleg furu, lappfuru og nevadafuru.
Trivast på næringsfattige stader og den har røtter som gjer at den unngår tørke v/ å hente væte frå djupt nede i jorda.
Røtene gjer at furua er stabil i sterk vind.
Avhengig av lys.
Vandra inn etter siste istid(10000 år sidan)
2/3 av furua som blir hogd ned -> Sagverksindustri.
1/3 av furua som blir hogd ned -> Masseverksindustri/brukt som brenselved
Det som blir laga av furu er papir, skurlast, fiberplater, finér(tynne «ark» av tre), snikkarvirke, tjærebrenning, ved.
Vanleg juletre.
Elg, storfuglar -> Furua er viktig for dei om vinteren.
LAUVTRE:
26% av skogen i Noreg består av lauvtre
Blir antatt at det finst ca 140 lauvtresortar i Noreg som veks fritt, krysningar og forvilla sortar.
716 lauvtresortar er planta, finst i botaniske hagar/parkar.
Lauvtre gir habtiat til mange fugleartar og dyr.
Lauv frå trea -> brukt som dyrefôr oppgjennom årtusen.
Avskoging -> dyre- og fugleartar forsvinn. Døme på fugl: Kvitryggspetten.
Tre hovudgrupper:
- Nøysomme lauvtre(bjørk, osp. Veks i temperert og subtratisk høgland med kalde vintrar).
- Edellauvtre(eik, bøk. Veks i tempererte lågland, varme somrar, kjølege vintrar).- Tropiske lauvtre(lauvtre som veks i tropiske sonar, savannelandskap og regnskog).
Lauvtre-> edeltre(hardt materiale)
Brukt til golv, møblar, fyrstiker, linjalar, blyantar, årar.
Sjeldan brukt i papirindustri el. Bygningsmateriale.
1600- talet -> Eikeskogen på Sørlandet nærmast utrydda -> ettertrakta materiale i Nederland og England -> Båtbygging.
Vanlegaste tresorten på Vestlandet: Bjørk.
- Susanne
Idag hadde vi ei kort samling i byrjinga av timen før vi avtalte at alle må førebu det dei vil sei, om dei tema som vi har skrive om til no. Slik at eg skal førebu å snakke om mine tema på presentasjonen, Bård skal førebu sine og Susanne sine.
Eg kom med mine forslag til presentasjon og gruppa var positive til dette og vi har byrja å setje opp sjølve presentasjonen.
No held eg og Susanne på å prøve å finne statistikkar som vi kan ha med i presentasjonen og litt fine bileter. Så skal vi bruke resten av timen til å samle gruppa for å setje saman presentasjonen skikkelig.
Lekser til neste gong vert å skrive ferdi det vi skal seie om kvart tema og øve på dette slik at vi forhåpentlegvis ikkje treng noko ark eller liknande til presentasjonen.
Skog er vakkert. Heilt personleg vil eg meddele at eg gler meg til sumar og turar i skog og mark!
Vakkert.
Litt samla skogbruk bileter.
No tenkte eg at eg skulle lage eit samanhengande innlegg om det eg har funne ut om dei forskjellege skogtypane i Noreg, også skal eg førebu presentasjonen. Etter dette innlegget, kjem eit innlegg med nokre bilete og stikkord som eg skal bruke på presentasjonen min.
Skogen i Noreg dekkjer 37% av landarealet i dag. Vanskeleg terreng og store avstandar gjer det vanskeleg å hogge mykje av skogen. Det blir berre gjort hogst av om lag halvparten av skogarealet i Noreg i dag. Det norske tømmeret er veldig bra tømmer og har høg kvalitet på grunn av at den norske skogen veks så seint.
- På engelsk heiter gran "Norway spruce", fordi engelskmennene blei kjent med grana ved kjøp av trevirke frå Noreg.
- Gran veks ikkje naturleg på Vestlandet.
- Gran er tresorten som er mest utbreidd i Noreg.
- Gran høyrer til familiegruppa granslekta som igjen er ei gruppe bartre i furufamilien.
- Den eldste grana som er observert i Noreg, er 486 år gammal. Den er observert i Trillemarka i Buskerud.
- Verdas eldste levande tre er ei gran som er 9550 år gammal. Observert i Fulufjällets nasjonalpark i Dalarna i Sverige.
- Furu er den einaste furuarten som veks fritt i Noreg.
- Furua blomstrar i midten av juni.
- Det er påstått at det finnest 100 variantar av sorten.
- Furua kan bli inntil 40 meter høg og inntil 400 år gammal.
- Det er observert furu i Sogn og i Nord-Gudbrandsdal som er om lag 600 år gamle.
- Dei tre viktigaste furuartane er vanleg furu, lappfuru og nevadafuru.
- Trivast på næringsfattige sandmoar.
- Den har spesialiserte røter som gjer at den fint greier å unngå å tørke ut ved at den henter væte frå djupt nede i jorda. Dette gjer den også stabil i sterk vind.
- Den er avhengig av lys for å kunne leve.
- Furua vandra inn til Noreg etter siste istid(ca 10000 år sidan) og er eit av dei eldste treslaga vi har i landet.
- Det blir antatt at det finnes rundt 180 krysningar og forvilla treartar i Noreg. Ca 140 av desse er lauvtre(37 av 180 er bartre).
- Vi har 716 artar lauvtre som er planta, men ikkje forvilla. Desse er som oftast i botaniske hagar og i parkar.
- Lauvtre gir habitat til mange fugleartar og dyr, og gjennom forrotnelsesprosessen gir den grunnlag til åtseletande insekt, mose og sopp.
- Lauv frå lauvtre har vorte brukt til dyrefôr i fleire årtusen.
- Avskoging gjer til at dyre- og fugleartar forsvinn. Døme på ein fugleart er kvitryggspetten.
- Vi kan dele inn lauvtrea i tre hovudgrupper:
- Nøysomme lauvtre(eit døme på dette er bjørk og osp. Veks i temperert og subtraktisk høgland med kalde vintrar).
- Edellauvtre(eit døme på dette er eik og bøk. Veks i tempererte lågland med varme somrar og kjølege vintrar).
- Tropiske lauvtre(dette kallar vi lauvtre som veks i tropiske sonar, savannelandskap og i regnskog).
I dag har eg ikkje gjort sånn kjempemykje med geografiblogg-fakta. MEN; eg har planlagt litt korleis eg tenkjer presentasjonen kan vere og vil komme med eit forslag som eg har laga til gruppa mi om dette. Dette har eg gjort fordu eg vil at vi skal komme fort i gang å jobbe med presentasjonen i morgon. To timar går som sagt tidlegare altfor fort :)
Sidan det er vanskeleg å legge ved dokument her, altså vedleg. Så får eg ikkje vist skikkelig kva eg har gjort idag.
I dag jobba eg med å finne bilder til presentasjonen og desse to synst eg viste godt kontrasten på gammalt og moderne skogbruk. Anna enn å leite etter bilde satt eg meg inn i det Linda og Susanne hadde jobba med: karakteristisk med skogbruk på vestlandet og forskjellige skogtypar og bruk av desse. Samt fant eg litt statestikk og ulike diagram om skog i Norge, som eg ikkje har såtte meg inn i endå.
Kva vi har gjort idag:
Gruppa samlast og avtalte arbeidsoppgåver for dei to timane. Bård skulle fullføre "moderne skogbruk." Susanne skulle skrive ferdi/meir om skogtypar og bruken av desse medan eg skulle finne litt historikk. Det viste seg at det skulle bli vanskeleg.
To timar går altfor fort...
No har eg såtte her i to timar å prøvd å surfa på internett for å finne noko skogbrukshistorie. Det er lite å finne, fordi det meste går under jordbruk og er eigentleg lite relevant for meg, sidan det handla mest om jordbruket. Men, no har eg då altså vore på biblioteket og lånt meg to bøker. Det er ikkje mykje historikk om skogbruket her heller, men eg vil prøve å skrive noko om det, i alle fall.
SKOGBRUKSHISTORIE I NORGE
Eg vel og byrje mi skogbrukshistorie tilbake til fyrste verdskrigen.
Under første verdskrig var det "jobbetid" her i Norge. Dette gjaldt sjølvsagt også skogbruksdistrikta. I 1920-21 hadde vi eit krakk i skogbruket, noko som førte til ei avslutning på ein langvarig oppgang som hadde vart frå midten av 1890 talet. Rrikdommen før krakket var synleg på mange måtar, mange hadde hus i sveitserstil med tårn og glasveranda på skoggardane.
Skogbrukarane hadde det nok ikkje så enkelt under krakket, dette fordi inntektene frå skogen var livsviktige for dei. Prisane vart sjølvsagt pressa ned, og marknaden og etterspurnaden etter tømmer vart mindre.
På 1900 talet var skogbruket prega av store svingningar i prisar, noko som skapte eigne syklusar i hogsten noko som ikkje var bra for den langsiktige stellet/vedlikehaldet av skogen. Det vart drive ein del konjunkturhogst, altså store hogstflater eller uthoggen skog der det meste av tømmeret vart drive ut på ein gong. Det oppsto bekymring for avskoging og for å fremje kunnskapen om tilstanden til skogen vart Landsskogtakseringa starta i 1919. Organisasjonen skulle kartelegge areal og fordele treslag og tilvekst.
No var eit viskapbasert syn på veg inn i skogbruket for fullt.
No var tømmerprisen byrja å stige etter krakket, men sank på nytt igjen fram mot 1930 åra.
I 1932 byrja skogplantinga og det vart danna ei skog ei lov. Ei lov som sa at ved skogsdrift skulle 1% av bruttoverdien setjast av til kulturarbeid for å etablere ny skog. Brosjyren "Ungdommen og skogen" vart delt ut i 30000 ekemplar til skolar og lærarar, dette for å informere dei framtidige skogbrukarane.
Det var planta mykje skog på veslandet. Elevane vart dratt inn i ein nasjonal dugnad med langsiktig perspektiv.
Eg finn berre informasjon om 20-30talet i denne boka. Eg finn ikkje nokre andre viktige hendingar i denne tidsperioden. Men eg tykkjer likevel det er viktig å få med dette under historikk fordi det gjev oss eit inblikk i korleis skogbruket har vore, sjølv over ein liten tidsperiode.
Hus i sveitserstil.
Skogbruk rundt 1930
Skogbruk - 1930
I desse to timane i dag, skal eg ta føre meg ein av dei tre viktigaste skogartane i Noreg, nemleg lauvskogen som dekkjer 26% av landarealet i dag.
- Det blir antatt at det finnes rundt 180 krysningar og forvilla treartar i Noreg. Ca 140 av desse er lauvtre(37 av 180 er bartre).
- Vi har 716 artar lauvtre som er planta, men ikkje forvilla. Desse er som oftast i botaniske hagar og i parkar.
- Lauvtre gir habitat til mange fugleartar og dyr, og gjennom forrotnelsesprosessen gir den grunnlag til åtseletande insekt, mose og sopp.
- Lauv frå lauvtre har vorte brukt til dyrefôr i fleire årtusen.
- Avskoging gjer til at dyre- og fugleartar forsvinn. Døme på ein fugleart er kvitryggspetten.
- Vi kan dele inn lauvtrea i tre hovudgrupper:
- Nøysomme lauvtre(eit døme på dette er bjørk og osp. Veks i temperert og subtraktisk høgland med kalde vintrar).
- Edellauvtre(eit døme på dette er eik og bøk. Veks i tempererte lågland med varme somrar og kjølege vintrar).
- Tropiske lauvtre(dette kallar vi lauvtre som veks i tropiske sonar, savannelandskap og i regnskog).
- Furu er den einaste furuarten som veks fritt i Noreg.
- Furua blomstrar i midten av juni.
- Det er påstått at det finnest 100 variantar av sorten.
- Furua kan bli inntil 40 meter høg og inntil 400 år gammal.
- Det er observert furu i Sogn og i Nord-Gudbrandsdal som er om lag 600 år gamle.
- Dei tre viktigaste furuartane er vanleg furu, lappfuru og nevadafuru.
- Trivast på næringsfattige sandmoar.
- Den har spesialiserte røter som gjer at den fint greier å unngå å tørke ut ved at den henter væte frå djupt nede i jorda. Dette gjer den også stabil i sterk vind.
- Den er avhengig av lys for å kunne leve.
- Furua vandra inn til Noreg etter siste istid(ca 10000 år sidan) og er eit av dei eldste treslaga vi har i landet.
Eg fann fort ut at det kom til å bli vanskeleg å finne noko meir konkret om kva som er karakteristisk med skogen på vestlandet utan å repetere det eg skreiv i timen på tysdag, difor har eg valt å finne litt generell informasjon om skog og skogbruket i Norge. Eg trur dette kan vere nytteg til ein presentasjon.
SMÅFAKTA OM SKOG OG SKOGBRUKET I NORGE;
Som vi alle er klar over har skogbruket og skogindustrien hatt stor betydning for landet vårt i mange hundre år. Visste du foressten at det for hundre år sidan var mange som trudde at det snart vart slutt på skogen? Ut i frå desse bekymringane vart det satt igang tiltak for å motverke avskoginga, som f.esk å så tresortar på større områder. No er tømmerområdet i Norske skogar meir enn dobbelt så stort som det var for 75 år sidan.
- I 2009 var omsetninga i skogindustrien i Norge på til sammen 40,3 milliardar kroner. Noko som tilsvarar 5,3% av omsetninga i Norsk industri.
Heilt til slutt i dette innlegget tenkte eg å slengje med ei lenkje til ein video eg fann på youtube her om dagen. Den handlar riktignok meir om landskapet i Norge enn om skogen i Norge, men eg syns den var så fin at eg vel å ta den med:
http://www.youtube.com/watch?v=_TUVGlxegcU&feature=related
Til neste gong har eg tenkt å gå djupare inn i emnet moderne skogbruk, samt få meir kunnskap om kva Linda og Susanne har jobba med. I samarbeid med gruppa har eg tenkt å finne statistikk og bileter som kan passe saman med ein Power Point presentasjon.
Bård.
Først ei lita oppsummering over timane idag; Vi kom relativt fort igang med arbeidet. Vi laga først ein plan for timane der vi avtalte at vi ville bruke timane idag til å få ei viss oversikt over temaet og begynne og skrive litt om nokre av emna vi skal vere innom i løp av desse "bloggvekene." Vi avtalte at Susanne skulle skrive om "viktige treslag og bruken av desse," Linda skulle skrive om "kva som er karakteristisk med skogen på vestlandet," og sist men ikkje minst skulle Bård skrive om "moderne skogbruk."
Etter å ha avtalt kva ein skulle skrive om, jobba vi induviduelt heilt til slutten av timen då vi avtalte kva vi skal jobbe med heime.
KARAKTERISTISK VED SKOGEN PÅ VESTLANDET
mesteparten av skogane i Noreg er ein del av det store barskogfeltet på den nordlege halvkula. Skogen dekkjer 37% av landarealet i Noreg. Mykje av skogarealet kan ikkje utnyttast på grunn av store avstandar og vanskeleg terreng. Det blir difor drive hogst på snautt halvparten av skogarealet i Norge.
Det karakteristiske må då nødvendigvis vere at det er mykje lauvskog og at granskogen ikkje veks naturleg men er planta og har då vidare spreidd seg ut over i større areal.
Sidan det var mange nettstadar og hente informasjon frå, var eg ikkje ferdig med dette temaet i løpet av timane Tysdag. Difor er dette er ei byrjing på mitt tema og eg har som lekse til neste gang og skrive meir utfyllande om mitt tema.
Vi tok for oss 3 tema i dag, eg valte moderne skogbruk, Linda valte karaktestikk med jordbruk og Susanne valte viktige treslag og bruken av desse. Vi jobba i 2 timar i godt tempo og eg fant ei god side om skogbruk der personar sender inn spørsmål og får svar. Kanskje eg gjer dette visst eg lurer på noko. Dette virkar som eit spanande tema, og resten av tida gjekk med til å surfe på internettet etter meir informasjon.
Bård.
Skogen i Noreg dekkjer 37% av landarealet i dag. Vanskeleg terreng og store avstandar gjer det vanskeleg å hogge mykje av skogen. Det blir berre gjort hogst av om lag halvparten av skogarealet i Noreg i dag. Det norske tømmeret er veldig bra tømmer og har høg kvalitet på grunn av at den norske skogen veks så seint.
- På engelsk heiter gran "Norway spruce", fordi engelskmennene blei kjent med grana ved kjøp av trevirke frå Noreg.
- Gran veks ikkje naturleg på Vestlandet.
- Gran er tresorten som er mest utbreidd i Noreg.
- Gran høyrer til familiegruppa granslekta som igjen er ei gruppe bartre i furufamilien.
- Den eldste grana som er observert i Noreg, er 486 år gammal. Den er observert i Trillemarka i Buskerud.
- Verdas eldste levande tre er ei gran som er 9550 år gammal. Observert i Fulufjällets nasjonalpark i Dalarna i Sverige.